Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
2009: Utbygging og status


Produksjon

 Kraftverk i Suldal pr 01/01 2010
   
  Tal   
Produksjon
 Tal kraftverk i drift, totalt         
41
7 834 GWh
 Av desse: kraftverk i drift etter 1995  
33  115 GWh
 Av desse: kraftverk i verna vassdrag
5  2,8 GWh     
 Sjå fleire detaljar i dokumentet til høgre  
   

Hjorteland kraftverk

Hjorteland kraftverk blei sett i drift i 2009. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no


Nyutbygde vassdrag - konsekvensar


Hjorteland Kraft har bygd inntak i Hjortelandsåna, Fjellbergåna og Fantåna på Hjorteland. Inntaket i Hjortelandsåna ligg på kote 255, kraftverket ligg på kote 130. Pga terrenget sin karakter, er røyrgata bygd i dagen. Inntaka i Fjellbergåna og Fantåna ligg på kote 340, er samankobla på kote 285 og nedgrave i si fulle lengd. Kraftstasjonen er bygd på kote 130, rett ovanfor Fjellbergsåna sitt utløp til elva Ulla. Den har to generatorar, ein for kvar røyrgate. Middels årsproduksjon er sett til 1,24 GWh/år og 4,1 GWh/år. NVE har vurdert prosjektet til ikkje å røre allmenne interesser i slik grad at det vil være nødvendig med konsesjon etter vassressurslovas §8. Føresetnaden skal være at med kraftverket i drift skal det til einkvar tid sleppast forbi inntaket i Fantåna og Hjortelandselva ei minstevassføring på 7 l/s, og i Fjellbergåna ein minstevassføring på 20 l/s. Ein vil da sikre det biologiske mangfaldet med spesiell tanke på den artsrike mose- og lavfaunaen i juvet nedstrøms i Fjellbergåna.

Bog Mikrokraftverk nyttar eit fall frå Bogstjørna ned til Bogsfjorden. Inntaksdam, 1,5 meter høg, ligg nedstrøms utløpet av tjernet. Vasstanden i inntaket ligg på nivå med Bogstjørn. Sjølve tjernet regulerast ikkje. Røyrgata er gravi ned i full lengde. Kraftstasjon er plassert på øvre sida av vegen, ca 70 meter frå strandlinja. Den var først tenkt plassert ved fjorden, men blei flytta etter motsegn frå Fylkesmannen. NVE har vurdert prosjektet til ikkje å røre allmenne interesser i slik grad at det vil være nødvendig med konsesjon etter vassressurslovas §8.

Fuglestein nedre mikrokraftverk (Kleivå mikrokraftverk) nyttar eit fall på 60 meter, med inntak på kote 61 og avløp kote 1, heilt nede ved sjøen. Inntaket ligg like nedanfor der hovudvegen kryssar bekken. Her blir det liggande djupt i terrenget og blir lite synleg. Røyrgata følgjer i hovudsak bekken og er ikkje nedgravd grunna bratt terreng med mykje fjell. Kraftstasjonen er ein liten gråsteinsbygning med mønt torvtak. For å forhindre mest mogleg støy skal det vere installert ei lydfelle. NVE meiner at allmenne interesser ikkje blir rørt i vesentleg grad. Då det ikkje er årssikker vassføring, er det ikkje pålagt minstevassføring.

Veka kraftverk fikk konsesjon i 2005 og bygd i 2008. Under synfaring  sommar 2009 blei det påvist fleire avvik frå konsesjonsvilkår og detaljplanar for kraftverket. Bl a er overføringsleidning frå Midtåno til inntaksdam sprengt lenger oppe i den bratte lia enn planlagt. Ei stor rasvifte av dels diger sprengstein ligg i dagen stikk i strid med detaljgodkjenninga. Ei røys av spregstein ligg ved kulturminna rett ovanom kraftstasjonen. Veka kraft har som svar utarbeida ein plan som omfattar alle påpeikingar NVE har gitt tilbakemeldingar om. Planen vil bli iverksett i 2010. Du finn meir om Veka kraftverk under menyvalet "2008: Utbygging og miljøstatus".

Nye løyve og konsesjonsstatus
NVE har i 2009 gitt løyve til Tufteskog småkraftverk (Bleskestadåna), Markosvatnet minikraftverk (Suldalsvassdraget) og tilleggsoverføring til Hjorteland minikraftverk. Desse er vurdert å ikkje påverke allmenne interesser, dels under særskilde føresetnadar.
NVE har i 2009 ikkje gitt konsesjon for bygging av kraftverk i Suldal. Dei har pr 1. januar 2010 elleve konsesjonssøknadar for kraftverk til handsaming.

Fleso kraftverk  - til ankehandsaming
NVE har i 2009 gitt avslag til Fleso kraftverk i Brattlandsdalen. Dei skriv:

Flesåfossen i Brattlandsdalen
Flesåfossen i Brattlandsdalen. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no
Småkraft AS har søkt NVE om tillatelse til å bygge Fleso kraftverk i elva Flesåa i Suldal kommune, Rogaland. Kraftverket er planlagt med en installert effekt på 3,5 MW og en årlig produksjon på ca. 11,2 GWh. Det tilsvarer strømforbruket til om lag 560 husstander.


Flesåa med Flesåfossen er et særpreget og attraktivt landskapselement i Brattlandsdalen. Fossen har stor verdi for friluftsliv og turisme i området. Redusert vannføring og fysiske inngrep som følge av kraftverket vil etter NVEs syn føre til at verdien av fossen vil bli betydelig redusert. De negative konsekvensene av Fleso kraftverk kan vanskelig avbøtes ved tiltak. Regionale og lokale myndigheter og andre høringsinstanser går av den grunn mot at det gis tillatelse til utbygging.

I den samlede vurderingen legger NVE vekt på at Fleso kraftverk innebærer et uforholdsmessig stort inngrep, med betydelige negative virkninger på allmenne interesser, sett i forhold til den relativt begrensede kraftmengden som vil bli produsert. NVE mener skadene og ulempene som blir påført de allmenne interessene er større enn fordelene ved kraftverket. Kravet i vannressursloven er derfor ikke oppfylt, og søknaden må derfor avslås.

Vedtaket er anka av grunneigarane som er partar i utbygginga saman med Småkraft AS som står som formell søkar. Saka er no hjå Olje- og energidepartementet for endeleg avgjerd.


Temabilde
Dokumenter
Kraftverk i Suldal
(39 Kb)
Kart og miljødata
NVE Atlas: Vannkraftverk

Bookmark and Share
Innspel eller kommentar til nettsida?

Redaktør: Jarle Lunde. Redaksjon: Endre Gjil, Rune Roalkvam, Erik Walter Vold, Torbjørn Guggedal og Jarle Lunde
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand, Telefon: 52 79 22 00
Logg inn
Sist oppdatert 26.02.2010 : Suldal Kommune