Røldal-Suldal
Kraftverkutbygginga Røldal-Suldal blei ferdigstilt i 1963-68. Nedbørsfeltet, som er på 825 km2, ligg frå sørlege Hardangervidda til Øvre Suldal. Kraftverka består av sju kraftstasjonar. Tre av desse, Kvanndal, Suldal 1 og Suldal 2 ligg i Suldal kommune. Suldal I utnyttar fallet mellom Røldalsvatnet og Suldalsvatnet, mens Suldal II
utnyttar fallet mellom Kvanndalsfoss og Suldalsvatnet.
Det ingen pålegg om minstevassføring i elvene tilknytt kraftverka.
Ulla-Førre
Ulla-Førre blei ferdigstilt i 1976- 88. Det utnyttar vasskrafta i vassdraga Ulladalsåna, Førreåna, Suldalsvassdraget og mange mindre elvar og bekkar. Nedbørsfeltet er på 875 km2 i Suldal, Hjelmeland og ein mindre del i Bykle kommune. Heile 86% av nedbørsfeltet i Ulla-Førre høyrer ikkje naturleg til i Suldalsvassdraget der kraftverka ligg.
I 1000-1100 meters høgde er ei rekkje vatn regulert til Noregs største kunstige innsjø, Blåsjø. Magasinet som ligg 1055 moh kan regulerast ned til 930 moh og utgjer med dette eit "kraftstabbur" med eit energipotensiale på heile 7,8 TWh. Rundt Blåsjø finn ein fleire av Noregs største dammar.
Det meste av vasskrafta blir utnytta i tre trinn gjennom Saurdal pumpekraftstasjon, Kvilldal- og Hylen kraftstasjon. Kvilldal kraftverk er med ein installert effekt på 1240 MW Noregs største kraftverk.
Eit forgreina tunnelsystem fangar opp vatn frå 39 bekke- og elveinntak på ca 600 moh. I to felt som ligg under 600 meter blir vatnet pumpa opp ved hjelp av to pumpestasjonar. Det eine av desse, Hjorteland pumpestasjon, ligg i Suldal. Stasjonen pumper vatn frå Mosvatnet til Sandsavatn.
I to av elvestrekningane som er fraført vatn er det pålagt minstevassføring, i Kvilldalsåna og Suldalslågen.
Små kraftverk
Sidan midten av 90-talet har det blitt bygd ut mange mikro-, mini- og småkraftverk i kommunen. Ein analyse visar at potensiale for nye prosjekt er stort. Fleire nye kraftverk er under planlegging. Meir om dette i eigen artikkel.
Hamrabø kraftverk. Foto: Suldal kommune, Jarle Lunde.
Saudaprosjektet
I 2003 fikk Elkem Saudefaldene konsesjon for ei utviding av eksisterande kraftutbygging i Saudafjella. To av vassdraga som overførast til Sauda ligg i Suldal, Lingvong og Tengesdalsvassdraget. Lingvongselva vil bli overført via ei sjakt nedstrøms Grimsvatn (560 moh). Inntaket for Tengesdalselva er plassert i Risvatnet. For å leia vatnet frå Ytravatnet/ Stølsvatnet til Risvatnet, er det naudsynt å byggja ein sperredam ved samløpet for elvane frå desse vatna.
I begge vassdraga er det pålegg om minstevassføring. Frå sperredammen i Tengesdalselva skal det slippast ei vassmengde på 100 l/s i perioden 1. mai til 30. september og 50 l/s resten av året. I Lingvangselva skal det slippast 450 l/s i perioden 1. mai-30. september og 190 l/s resten av året. I tillegg til konsekvensane for desse vassdraga vil inntak av Slettedalselvi i Odda gjera at restvassføringa i Brattlandsdalsåna vert mindre
Utbygging av Lingvong- og Tengesdalsvassdraget var svært omstridd.