 |
|
Kart: Inngrepsfrie område i
Suldal i 2003. For nærare detaljer og bortfall av inngrepsfri natur
sidan 1988, sjå Kart og data. |
|
Om inngrepsfrie område (INON)Inngrepsfrie område (INON) er definert som eit areal som ligg minimum 1 km frå eit tyngre teknisk inngrep. Me kallar dei villmarksprega område om det er areal som ligg minimum 5 km frå slike inngrep.
INON er altså ei streng, matematisk arealklassifisering bygd på konkrete, målbare kriterium, ikkje ei kvalitativ og skjønnsmessig vurdering av område. INON er difor eit godt verktøy for å vise korleis både små og store nye inngrep reduserer det vi har att av inngrepsfrie område.
I Suldal er det mykje inngrepsfri natur samanlikna med Rogaland, lite om ein samanliknar med Norge.
Presset på naturen er stort, slik er det og i Suldal kommune. Tabellen nedanfor viser at i 2003 var 35,3 prosent av arealet i Suldal inngrepsfrie naturområde. Til samanlikning var 23,9 prosent av Rogaland på samme tid inngrepsfritt, mens det for Noreg var 45 prosent.
Om ein ser på villmarksprega område med ein avstand på meir enn 5 kilometer frå næraste tyngre tekniske inngrep, utgjorde dette i 2003 1,5 prosent av arealet i Suldal, mot 11,7 prosent på landsbasis. I Rogaland utgjer berre 0,37 prosent av det samla landarealet villmarksprega område, det meste av dette ligg i Suldal.
|
Arealstatistikk over inngrepsfrie naturområde i Suldal i perioden 1988-2003. Alle tal i km2. |
|
År |
Totalt areal* |
Inngrepsnære område |
Sone II (1-3km) |
Sone I (3-5km) |
Villmarksprega område |
|
2003 |
1744,37 |
1129,16 |
488,45 |
100,64 |
26,13 |
|
1998 |
1744,37 |
1128,03 |
489,57 |
100,64 |
26,13 |
|
1988 |
1744,37 |
1099,66 |
500,00 |
117,47 |
27,25 |
|
* Offisielt tal er 1728 km2, avvik 0,95% Kjelde: Direktoratet for naturforvaltning |
Bortfall av inngrepsfri natur skuldast energiproduksjon og landbruksdrift
Når me til trass for store fjellområde og liten folkemengd ikkje har meir inngrepsfri natur enn kva me har, skuldast dette i stor grad dei store kraftutbyggingane me har hatt i Suldal. Anleggsvegar, dammar, steintippar og kraftliner er typiske tyngre tekniske inngrep som reduserer dei inngrepsfrie områda.
Ser ein på utviklinga etter dei store kraftprosjekta kan ein sjå at tendensen er negativ. I perioden 1988 til 2003 førte inngrep til at 44 km2 endra inngrepsklasse (2,5 prosent av kommunen). 29,5 km2 av desse vert definert som inngrepsnære områder.
Data viser at inngrepa i hovudsak er knytt til vegbygging i jord- og skogbruket, men og til energiproduksjon. I hovudsak skjedde bortfallet fram til 1998.