 |
|
Raudsildre er ein art me finn på kalkrike stadar på fjellet. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no. |
|
Suldal har viktige område for biologisk mangfald
Det biologiske mangfaldet er grunnlaget for menneskeleg aktivitet som t.d. landbruk og friluftsliv. Inngrep i leveområda endrar det biologiske mangfaldet. I dei seinare år har biologisk mangfald difor fått auka merksemd i arealplanlegginga.
For å kunne ta vare på dei truga artane best mogleg er god skjøtsel og bevaring av leveområda ein viktig strategi. I Suldal har me lenge kjent til gode lokalitetar for biologisk mangfald. Som eit døme har Stranddalen vore kjend som eit svært rikt område for kalkkrevjande og sjeldne plantar. Gjennom kartlegging av biologisk mangfald er desse områda, saman med nye registreringar, systematisert.
Metoden som er nytta er utarbeida av Direktoratet for naturforvaltning (DN). I denne er kartlegging av 56 økosystem (naturtypar) prioritert.
Områda som er kartlagde i Suldal er oftast små areal som er særs artsrike, har truga artar, har ein spesiell funksjon eller er ein uvanleg naturtype. Desse har gjerne ein lokal verneverdi. Målet er ikkje å frede desse ved lov, men at ein gjennom bruk og arealplanlegging sikrar at slike "nøkkelområder" ikkje vert øydelagd ved ulike tiltak og inngrep. Med andre ord faller dette "vernet" på at grunneigar og kommune ikkje gjer disponeringar som heilt eller delvis øydelegg naturkvalitetane i eit slikt område.
I Suldal er det registrert snaue 100 lokalitetar. Arbeidet viser at me har viktige nøkkelområder og at me har fleire truga artar. Datamaterialet er kartfesta og dei viktige naturtypeområda kan ses i Miljøstatus sin kartbaserte innsynsløysing.
 |
|
Miljøstatus sin kartbaserte innsynsløysing (lenke til høgre) viser mellom anna kor me finn prioriterte naturtypar i Suldal. Her får du og ein kort omtale av kvar lokalitet. Kartdømet over viser viktige naturtypeområde ved Roalkvam og Bleskestad. |
Oversikt over prioriterte naturtypar
Tabellen nedanfor gir ein oversikt over kva prioriterte naturtypar som er registret i Suldal. Du kan lese om kvifor naturtypen er viktig, trusler, utbreiing, prioritering med meir, i handboka Kartlegging av naturtyper. Verdisetting av biologisk mangfold (DN).
| Naturtypar | Antal |
| Ferskvann/ våtmark |
Naturlege fisketomme innsjøar og tjern |
5 |
|
Viktige bekkedrag |
2 |
|
Rike kulturlandskapssjøer |
3 |
|
Fossesprøytsoner |
1 |
Fjell |
Ikke-forsura restområder |
2 |
|
Kalkrike områder i fjellet |
7 |
|
Anna viktig forkomst |
1 |
| Havstrand/kyst |
Tangvoller |
1 |
| Kulturlandskap |
Hagemark |
10 |
|
Kystlynghei |
1 |
|
Strandeng og strandsump |
1 |
| Myr |
Intakt lavlandsmyr |
3 |
|
Terrengdekkende myr |
1 |
|
Rikmyr |
2 |
|
Kjelde og kjeldebekk |
1 |
|
Anna viktig forkomst |
10 |
| Skog |
Gråor-heggeskog |
3 |
|
Rik furuskog med hassel |
1 |
|
Rik edellauvskog |
21 |
|
Kalkskog |
1 |
|
Bjørkeskog med høgstauder |
1 |
|
Gråor-heggeskog |
2 |
|
Urskog/gammelskog |
7 |
|
Kystfuruskog |
3 |
|
Anna viktig forkomst |
4 |