Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Dyr og plantar

Naturen i Suldal er karakterisert av eit stort mangfald. Frå nisa i sjøområda rundt Foldøy til snøsporven på toppen av Vassdalseggi er det eit stort spenn. Variasjonen i Suldal, og Ryfylke for øvrig, gjev grunnlag for eit rikt dyre- og planteliv.
 


 
Stort mangfald av natur
Perlemorsommerfugl
Perlemorsommarfugl. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no

Fleire stortingsmeldingar slår fast at både kommunar og næringssektorar skal få eit sjølvstendig og klart større ansvar for å tryggja biologisk mangfald innan sine grenser og si verksemd. Det er for å styrke grunnlaget for dette at kommunen gjennomfører registrering av det biologiske mangfaldet.
 
Bergjunker
Bergjunkeren er ein sjelden fjellplante i Norge som har si houdførekomst i Suldal. M.a. er denne sildrearten ganske vanleg ved Stranddalen i Dyraheio landskapsvernområde. Foto: Rune Roalkvam.
Ein viktig del av av det biologiske mangfaldet er dei mange viltartane. Som bakgrunn for å forvalte viltet og leveområda på ein best mogleg måte, vert viltkartverket revidert med jamne mellomrom. Dette er eit planverktøy der me registrerer viktige viltartar og viltområder.
 
 
I kommunen har me fleire verneområder som tek sikte på å verna om mangfaldet i ulike økosystem. Desse er freda gjennom lov om naturvern og har godt dokumenterte verneverdiar. I tillegg er fem vassdrag verna gjennom Verneplan for vassdrag (meir under "Naturområder").
 
 
Kvifor ta vare på naturen?
I dag veit me at naturen er pressa. Leveområda blir endra i negativ retning (og positiv!) og mange artar står på randen av utrydding, jf. raudlista. Det er gode grunnar for å ta vare på mangfaldet.
 
Etiske grunnar: Naturen har eigenverdi. Kvar art har like stor rett til liv. Me har ikkje rett til å utrydda artar for vår eiga skuld.
 
Økologiske grunnar: Mangfald er ein føresetnad for stabiltitet. Samspelet mellom artar er komplisert, og utrydding av ein art kan få store konsekvensar. Mangfald innan ein art (genetisk) er og ein føresetnad for stabilitet, det er livsforsikringa til arten.
 
Økonomiske grunnar: Mennesket er tent med økologisk mangfald. Produksjon det biologiske mangfaldet har alltid vært, og vil i framtida og vere, den viktigaste kapitalen i samfunnet. Mat, medisin og byggematerialer er døme på det.
 
Mennesket treng og rekreasjon. Ein frisk og variert natur gir rom for naturbetinga livskvalitet. Det igjen gir god helse.
Arealbruk "spiser" natur
Ulike typar inngrep er i dag den største trusselen for natur og miljø. Moderne jord- og skogbruk, kraftutbygging, vegar og hyttebygging er viktige stikkord for å skildra kva som reduserer eller virkar inn på det biologiske mangfaldet i Suldal.
 
Ein indikator på tekniske inngrep er grad av urørthet. Suldal er i dag, med sin storleik og lågt folketal, den kommunen i Rogaland med størst del urørt natur. Men arealet minkar. Du kan lesa meir om inngrepsfri natur under "Naturområder". 
Kunnskap er viktig
Kunnskap om naturen er svært viktig for god arealforvaltning. Kva naturtypar har me og kor finst dei? Og kva arter, er dei vanlege eller er dei sjeldne? Er det arter eller naturtyper som er viktigare enn andre og som me har eit spesielt ansvar for? Og kva med kulturminne i utmarka? Kan me svara på desse spørsmåla veit me og kor me finn store verdiar, men og kor me ikkje finn dei.
 
Kartlegginga av biologisk mangfald i Suldal har pågått i mange år og er i dag eit kontinuerleg arbeid. Fleire rapportar er utarbeid, men fortsatt er det store kunnskapshol, spesielt på artsnivå. Med vidare kartlegging ønskjer me å få større kunnskap om både natur og miljøstatus i Suldal.
 
Har du informasjon om viktige områder eller arter er me svært interessert i å få tilbakemeldingar om dette.
Temabilde

Bookmark and Share
Innspel eller kommentar til nettsida?

Redaktør: Jarle Lunde. Redaksjon: Endre Gjil, Rune Roalkvam, Erik Walter Vold, Torbjørn Guggedal og Jarle Lunde
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand, Telefon: 52 79 22 00
Logg inn
Sist oppdatert 04.07.2010 : Suldal Kommune