Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Lokale klimautslepp

Klimautslepp i Suldal har auka i tida mellom 1991 og 2007. CO2 utslepp frå mobile kjelder og metanutslepp frå landbruket utgjer det meste. Pr innbyggjar er utsleppa høgare enn landsgjennomsnittet. Dette ifølgje Statens forureningstilsyn (Klif).



Globale klimaendringar kan føre til alvorlege økologiske og helsemessige konsekvensar. FNs Klimapanel (IPCC) reknar det som svært sannsynleg at mesteparten av klimaendringane dei siste 50 år er menneskeskapte.
Klimautsleppa i Suldal aukar
Målt i CO2-ekvivalentar blei det sloppe 51 000 tonn klimagassar i Suldal i 2007. Mobile kjelder (57 prosent) og prosessutslepp (41 prosent) er dei største bidragsytarane, mens stasjonær forbrenning frå hushald og industri utgjorde små utslepp (2 prosent).
Sand, ferja
Store delar av klimautsleppa i Suldal kjem frå mobile kjelder. På bildet går ferja frå Sand. Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal
Frå 1991 til 2007 var det ei total auke i klimautslepp på 35 prosent. Gjennomsnittleg auke i alle landet sine kommunar var på 20,4 prosent.

Utsleppa ser ikkje ut til å stagnere. Berekning viser at utsleppa berre sidan 2005 (til 2007) har auka med nær 8 prosent i kommunen.

Du finn fleire detaljer under "Kart og miljødata" (lenke i høgre marg). Her kan du og samanlikne utsleppa med andre kommunar.

CO2ekvi-Suldal1991-2007
Figur. Utslepp av klimagassar i Suldal fordelt på kjelder. Kjelde: Klif sin klimakalkulator.


Metanutslepp frå landbruket minkar

Ku
Foto: Anne Lise Norheim/Skattkammeret Suldal
Frå 1991 til 2007 er prosessutsleppa redusert med 12 prosent i Suldal. Utsleppa omfattar alle utslipp til luft som ikkje er knytt til forbrenning. I Suldal gjeld dette metanutslepp dels frå avfallsdeponi, men aller mest frå landbruk. Metan vert danna ved ufullstendig nedbryting av organisk materiale. I landbruket skyldes utsleppa husdyrhald der fordøyingsgassar frå ku og sau utgjer ein stor del, mens gjødselhandtering står for ein mindre del av utsleppa. Kunstgjødsel er ei stor kjelde til utslepp av lystgass.

CO2-utslepp frå mobile kjelder aukar
Den viktigaste drivhusgassen som aukar grunna menneskeleg aktivitet er karbondioksid (CO2). Denne blir til ved forbrenning av organisk materiale, særleg kol, olje og gass.  

Frå 1991 til 2007 har CO2 utsleppa frå mobile kjelder meir enn dobla seg i Suldal. Auka vegtrafikk forklarer noko av dette, men den største utsleppsveksten skjer frå det Klif kallar "Andre mobile kjelder". Motorreiskap i industri fell under denne kategorien. Utsleppa skyldes då truleg auka aktivitet innan anleggsdrift.

13 tonn CO2-ekvivalentar pr innbyggjar
Om ein ser på klimautslepp pr innbyggjar viser tala at ein i Suldal slepp ut 13 tonn CO2-ekvivalentar, landsgjennomsnittet er 8 tonn (basert på kommunetal 2007).

Om klimadata
Kjelde for tala ovanfor er Statistisk sentralbyrå/Klima- og forurensningsdirektoratet (SSB/Klif). Utsleppstala for ein enkelt kommune byggjer på ei fordeling av nasjonal statistikk. Tala er egna til å vise hovudkjelder og trend, så tala for enkelte kjelder og år kan difor vere unøyaktige. SSB skriv: 

"Kvaliteten i kommunetallene vil i mange tilfeller være dårligere enn tilsvarende utslippstall for hele landet. Det henger sammen med at man for eksempel har gode totaltall for forbruk av ulike energivarer, men en har mindre kunnskap om hvordan dette forbruket fordeler seg mellom kommunene eller mellom ulike utslippskilder. Det må derfor tas i betraktning at de presenterte tallene kan ha mange feilkilder, og at de ikke nødvendigvis gir et presist bilde av utviklingen i den enkelte kommune. Feilkildene kan eksempelvis føre til at det oppstår påfallende endringer fra år til år for en del (særlig mindre) kommuner. Effektene av lokale tiltak i kommunene vil heller ikke alltid komme til syne i statistikken."

"Statistikken over utslipp til luft i norske kommuner omfatter utslipp av klimagassene karbondioksid (CO2 ) , metan (CH4 ) og lystgass (N2 O), det vil si bare tre av de seks klimagassene som er regulert i Kyotoprotokollen. Disse tre gassene sto for 97 prosent av de samlede klimagassutslippene i Norge i 2007. At dekningsgraden ikke er 100 prosent, gir en marginal feilkilde for de aller fleste kommuner."

Figuren nedanfor viser fordelinga av klimautslepp i Rogaland fordelt på kommunar. Industrikommunane peikar seg spesielt ut med høge utslepp.

UtslippKlimGass Rogaland
Figur: Utslepp av klimagasser i Rogaland fordelt på kommunar, 2005. I 1000 tonn CO2-ekvivalentar.
Det blir "meir ver" i Suldal
Globale klimaendringar kan føre til alvorlege økologiske og helsemessige konsekvensar, men kan og få store økonomiske ringverknader. Utviklingsland er generelt meir sårbare enn industriland.

Kva kan skje lokalt? Forskarar har peikt på at følgjande kan skje dei neste 100 åra:

  • I gjennomsnitt vil verdshava stige 19 - 58 cm. Stigninga er ikkje jamnt fordelt og langs kysten av Noreg vil havet stige enda meir.
  • Årleg middeltemperatur vil stige med 2,5 til 3,5 grader i Noreg, mest om vinteren.
  • Nedbørsmengda vil kunne auka med 20 prosent på Vestlandet.
  • Ekstreme nedbørsmengder vil skje oftare og det blir noe meir vind.
    Kjelde: FNs klimapanel og Bjerknessenteret.

Dei lokale konsekvensane av desse klimaendringane er vanskeleg å forutsjå. Fleire har peikt på at:

  • Naturskadar vil bli hyppigare.
  • Klimaendringar vil få konsekvensar for enkeltarter av planter og dyr, og for heile økosystem.
  • For nokre naturbaserte næringar kan klimaendringar tyda forbetra produksjonsforhold. T.d. innanfor landbruket vil ein kunne få forlenga vekstsesong. Ein kan og få moglegheiter til å dyrke nye planter. Samstundes vil eit varmare og våtare klima føre til større jorderosjon og betre levekår for skadedyr.
  • Vinterfriluftslivet og vintersport vil måtte foregå høgare til fjells.
Klimaproblemet er knytt til samfunnsutviklinga

Klimaproblemet er eit globalt miljøproblem som er tett vevd saman med samfunnsutviklinga. Vår påverknad er mellom anna avhengig av:

  • størrelse på verdas befolkning.
  • forbruk av energi og andre varer per innbyggjar.
  • transport.
  • fordeling av forbruk mellom ulike varer og tenester.
  • Korleis varene blir produsert, frakta og nytta.
Kommunen har starta arbeidet
Kommunen har på fleire måtar påverknad på eiga utvikling når det gjeld klimagassutslepp. Den har mellom anna styringsmoglegheit som:
  • plan- og reguleringsmyndigheit.
  • eigar/brukar av eigedommar og bygningsmasse.
  • utbyggjar av infrastruktur.
  • avfallshandsamar.
  • kjøpar av varer og tenester.
  • påverkar av energiforsyning og energibruk.
  • pådrivar ovanfor næringsliv, organisasjonar og befolkning.

13671-140x300

Suldal kommune har innført klimakvotar på alle kommunale tenestereiser med fly.

Kommunestyret gjorde følgjande vedtak våren 2007:

  1. Det vert innført klimakvotar på alle kommunale tenestereiser med fly.
  2. Klimakvotane vert kjøpt av Kirkens Nødhjelp.
  3. Kostnadane ved kjøp av klimakvotar vert dekka innafor tenesteområda sine vedtekne rammer.
  4. Kommunestyret ber om sak som greier ut eit vidt engasjement for å redusere klimautslepp.

Mulige tiltak for oss som privatpersonar
Også som enkeltpersonar kan me være med på å bremse dei totale utsleppa av klimagassar. På Klimaløftet.no finn du mange gode råd.

Temabilde

Bookmark and Share
Innspel eller kommentar til nettsida?

Redaktør: Jarle Lunde. Redaksjon: Endre Gjil, Rune Roalkvam, Erik Walter Vold, Torbjørn Guggedal og Jarle Lunde
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand, Telefon: 52 79 22 00
Logg inn
Sist oppdatert 10.07.2009 : Suldal Kommune