Lær økokjøring - spar lommebok og miljø Frå 1991 til 2009 har CO2 utsleppa frå mobile kjelder nær dobla seg i Suldal.
Ein god metode for å redusere eigne utslepp, uansett om du kjøre
personbil eller tyngre kjøretøy, er økokjøring. Ved å leggje om
kjørestilen kan kvar enkelt av oss spare drivstoff og CO2 utslepp med opptil 20 %. Les meir og sjå ein kort film
|

|
Klima- og energiplan Suldal kommune har starta arbeidet med ein ”Klima- og energiplan”. Ønskjer du å komme med innspel er du hjerteleg velkommen. Ta kontakt med Jarle Lunde eller Rune Roalkvam, tlf 52792200. E-post: jarle.lunde@suldal.kommune.no
|
 |
Kvanndalen i film, tekst og bilde
Me kan no presentera ein
større artikkelserie om det 84 km2 store Kvanndalen
landskapsvernområde som blei verna i 1997. Hovudforfattar er Alf Odden, mens
Jarle Lunde/SuldalFoto står for film og bilde.
Du
finn film og artiklar her.
|

|
Nytt tema: Film, forteljing og bilde På denne sida har me samla film, digitale forteljingar og bildegalleri
som er relevante for dei tema som er å finne på nettsida Miljøstatus i
Suldal. Sjå den nye sida.
|

|
Kraftutbygging - utbygging og status Pr 1. januar 2011 er det 43 kraftstasjonar som produserer om lag 7835 GWh i Suldal. Av desse er
35 små kraftverk bygd etter 1995. Siste året er Havrevoll mikrokraftverk
og Kjølvik minikraftverk sett i produksjon. Les meir og få oversikt over bygde og ubygde kraftverk her.
|
 |
Resultat frå vårteljing av hjort Eit av tiltaka som årleg vert gjennomført for å skaffe betre grunnlag for å vurdere endringar i hjortestammen, er å telje hjort på bøane om våren. Under teljinga våren 2010 blei det tald fleire hjort i Suldal enn nokon gong før. På ein kveld blei 416 hjort observert av teljemannskapa. Forrige rekord var 342 dyr frå 2001. Les meir og sjå statistikk frå 1999-2010. |

|
Kart over turstiar Treng du turtips? Då bør du sjå nærare på dei åtte reviderte turstikarta frå kommunen. Til saman er 40 turmål med ulik vanskegrad kartfesta og omtalt. Stader tilrettelagt for bading og klatring er og vist på karta. I tillegg til norsk er teksten på engelsk og tysk. Karta får du ved å venda deg til kommunen eller turistkontoret. Fleire lokale butikkar har dei også. Du kan og lasta dei ned her på Miljøstatus i Suldal.
|
 |
|
|
|
|