Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Byggeskikk

Suldal kommune ønskjar å leggja vekt på god byggeskikk og auka forståing for og innsikt i kva god byggeskikk er og kor viktig dette er.

Byggeskikk i Suldal, hefte
Korleis vi tek i bruk landskapet, endrar det og byggjer våre hus og hytter inn i det, har mykje å seia både for dei som sjølv skal bruke husa, for naboar og for alle andre som skal bruka området. Ikkje berre i dag, men i all framtid.

Ikkje i nokon generasjon tidlegare har det vore bygt så mykje og så raskt som i dag og heller ikkje kunna ein gjera så store inngrep og endringar i landskapet som i dag.

Suldal kommune helsar den store interessa for hyttebygging velkomen. Me har god plass og mykje å by på. Det er ei stor utfordring å få så mange nye hytter til å gli inn i ein sårbar natur. Dette gjeld særleg strandsona, høgheia, og våre verna tettstader.

Suldal kommune ønskjar å leggja vekt på god byggeskikk og auka forståing for og innsikt i kva god byggeskikk er og kor viktig dette er. Derfor vart det i 2004 skipa ein komité med dette formålet, og denne har vore ansvarleg for byggeskikk-rettleiaren som nå ligg føre.

Rettleiaren som er på 32 sider får du på kommunehuset eller hjå Bygdeutvikling på Garaneset. Du kan og laste ned rettleiaren frå lenken til høgre.

Temabilde
Dokumenter
Suldal kommune 2007: Bygg i Suldal! Rettleiar i byggeskikk
(2510 Kb)
Aktuelle nettstader
Enova

Bookmark and Share
Innspel eller kommentar til nettsida?

Redaktør: Jarle Lunde. Redaksjon: Endre Gjil, Rune Roalkvam, Erik Walter Vold, Torbjørn Guggedal og Jarle Lunde
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand, Telefon: 52 79 22 00
Logg inn
Sist oppdatert 07.12.2009 : Suldal Kommune