Dei mange vatn, fossar og stryk som til slutt endar i fjorden, er særtrekk som gjer vassdragsnaturen svært spesiell sjølv i verdsmålestokk. Her er og ein spesiell flora og fauna som ikkje er så vanleg elles i Europa, t.d. laks.
Suldalsvassdraget er det største vassdraget på Vestlandet og den klart viktigaste i kommunen. Elva er ein gigant innanfor norske vasskraftelver. Suldaslågen, strekniga mellom Suldalsvatnet og fjorden, er ei svært viktig lakselv.
Forholda for fisk og fiske i ferskvatn er generelt god i kommunen.
Overgjødsling og forsuring blir i dag rekna for å vere hovudproblem i mange vassdrag i Rogaland.
Overgjødsling (eutrofiering) får me når utslepp av næringsstoffer frå jordbruk og kloakk fører til økologisk ubalanse. Oksygensvikt og fiskedød er typiske kjenneteikn. Generelt er vatna i Suldal næringsfattige og vasskvaliteten er god. Det er ikkje kjend noen lokalitetar der overgjødsling førekjem som eit problem.
Når det gjeld sur nedbør har kommunen ikkje vore råka på same måte som store delar av fylket elles. Det tyder ikkje at naturen i Suldal er upåverka. I Suldalslågen vert det kalka for å oppretthalde vasskvaliteten, og i nokre få vatn er det for surt for fisk å leve. Utviklinga er generelt positiv.
Suldal er blant dei største kraftkommunane i landet. Dei store kraftutbyggingane starta på 1960-talet då nedbørsfeltet til Suldalsvatnet blei gjenstand for omfattande regulering.
I seinare år har kraftutbygging på nytt fått ei blomstringstid. No er det mindre bekkar og elvar som vert utnytta i små kraftverk.
Fem vassdrag med nedbørsfelt heilt eller delvis innanfor kommunen er verna etter Verneplan for vassdrag. Dette er Hamrabø-, Håland-, Norddal-, Hustveit- og Vikedalsvassdraget.
 |
|
Lingvongsfossen, Rogaland sin nest høgaste foss, blei i 2003 vedtatt bygd ut. På bilete går fossen i flom framføre Brødrene af Sand. Som eit avbøtande tiltak vil det bli minstevassføring i fossen, 450 liter pr sekund. |
|
Alle inngrep i form av fysisk eller kjemisk påverknad i vatn og vassdrag kan føre til tap av biologisk mangfald og bruksverdi.
I Suldal er det kraftutbygging som er årsaka til dei største inngrepa. Endringa av dei kjemiske og fysiske forholda grunna reguleringa, endrar plante- og dyrelivet både direkte og indirekte. Les meir om dette emnet under menypunktet Vassdragsregulering.