Kulturminna våre representerer nasjonale verdiar. Dei synlege uttrykka for livsformer i eldre tider hjelper oss til å oppleva fortida, dei skaper forståing for samanhengen mellom generasjonane og forklarar vår eiga tid sitt levesett.
 |
|
Det er godt å kvila seg på stølen Longhaug i Hamrabøheia. Stølen har den dag i dag mykje av det opprinnelege preget. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no. |
|
I 2006 blei "Fagplan for skjøtsel av kulturminne i Suldal" vedtatt. Planen inneheld ingen framlegg om vern. Heller enn vern under "tvang" ønskjer kommunen at planen og kommunen sitt arbeid med kulturminne skal medverka til stolthet og inspirasjon over å eiga eit kulturminne. Då vil eigaren si interesse for å ta vare på det auka, og då ønskjer kommunen å hjelpa til med rådgjeving og økonomisk støtte.
Under menyvalet "Mangfald og karaktertrekk" og "Verna og freda bygningar" finn du tekst henta frå "Vedlegg til Fagplan for skjøtsel av kulturminne i Suldal", men er noko utvida og tilrettelagt Internett.
 |
|
Kvednhusa er ofte små tømra bygningar og det kunne ligge fleire etter kvarandre langs bekken. Dei fleste gardane hadde eigne kvernhus. Bildet er frå Kvednahola der gardane Ritland, Vasshus og Førland hadde kvernene sine. I dag er Kvednahola verna som museum. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no |
|