Miljøstatus i Noreg  |   Miljøstatus i fylka  |   Miljøstatus i kommunane  |   Om nettstaden  |   Sidekart
Hovedside
Energibruk

Energibruk påverkar natur og miljø. Høg bruk av elektrisitet aukar presset for utbygging av vassdrag og andre typar kraftverk. Bruk av fossilt brensel fremmar drivhuseffekten og kan gi lokal forureining.
Det er eit nasjonalt mål å avgrense bruk av energi, og då særleg elektrisitet og fossilt brensel til oppvarming.

Både bruk av elektrisitet og fossil brennstoff aukar i Suldal.

DSC_1667
Ein av dei viktigaste utfordringane som blir tatt opp i energiutgreiinga er det faktum at me i altfor stor grad nyttar elektrisk kraft til oppvarming, vi er lite energifleksible. Forbruk av elektrisk kraft i kommunen var i 2004 på 71,8 GWh. Den totale energibruken var på 90,1 GWh. Foto: Jarle Lunde/SuldalFoto.no.
Energiutgreiinga for Suldal
Under kan du lese frå samandraget i "Energiutgreiing Suldal kommune 2007". Om du vil laste ned heile rapporten finn du lenke i høgre marg.

Vedovn

Omlag 73% av bu-einingane i Suldal har høve til å nytta bio-brensel. Foto: J.Lunde


Energibruk og utvikling
Forbruk av elektrisk kraft i kommunen var i 2005 på 75 GWh. Den totale energibruken var på 90 GWh. Forbruket av elektrisitet har auka med 14 % frå 1997 til 2005, og den totale energibruken i kommunen har auka med 6 % i same perioden. Med dei prognosar for forbruksvekst som er sett til grunn for dei ulike energikjeldene, vil den totale energibruken i 2015 vera på 99 GWh, av dette vil 81 GWh vera forbruk av elektrisitet. Det er mange ting som påverkar slike prognoser og tala er derfor usikre.

Framtidige energiløysingar, utfordringar og utsikter i kommunen:

Utfordringar:
• Ein av dei viktigaste utfordringane som blir tatt opp i energiutgreiinga er det faktum at vi i altfor stor grad nyttar elektrisk kraft til oppvarming, vi er lite energifleksible. Energiutgreiinga vil vera med å stimulera til overgang frå bruk av elektrisitet, til meir bruk av vassboren varme til oppvarming, og å auka produksjonen av energi frå fornybare energikjelder.

• For 2004 blir inntekta til Energifondet auka til 565 millionar kroner. Målsetjinga med Energifondet og Enova er å utvikla marknaden for effektive energiløysingar og miljøvennlege energikjelder gjennom tildeling av tilskot. Skal kommunen få tildelt deler av Energifondet, må han ta initiativ til å utarbeida gode prosjekt som Enova vil gi stønad til. Dei kommunane som held seg passive på dette området, får heller ikkje ta del i Energifondet, som mellom anna blir innbetalt gjennom straumrekninga vår.

Sikra strømforsyning og ny kraftproduksjon:
• Kommunen sine innbyggjarar har i dag ein god leveringstryggleik og ei stabil straumforsyning. Det er få flaskehalsar i dagens distribusjonsnett. Elektrisitetsnettet må likevel heile tida utviklast og utbyggjast for å forsyna utbyggingsområda i kommunen. Nokre utsette område er nemnde i kapittel 4.1.

• Det er stort potensial for lokal elektrisitetsproduksjon i mikro-/minikraftverk i elvar i kommunen. Fleire anlegg er under planlegging og bygging. NVE har utarbeid ei kommunedelt kartlegging av potensiale for småkraftverk. Samla potensial er 153 anlegg med ei årlig energiproduksjon på 549,6 GWh

• Kommunen har tilgjengeleg konsesjonskraft på 300 GWh, og dette gjer også at kommunen sine energikundar har tilgang på billig elektrisitet, og at alternativ energi er vanskelegare å få økonomisk lønnsamt.Energibruk og utvikling

Redusera forbruk av energi, ENØK-tiltak:
• I tillegg til å fokusera på ei omlegging til nye fornybare energikjelder, må ein satsa på tiltak som gjer atforbruket av energi, både elektrisk og annan energi, kan reduserast. Derfor er fokus på enøk viktig. Stikkord i denne samanhengen er å prøva å stimulera til bevisst bruk av energi, og å få til energileiing og energioppfølgingssystem for alle næringsbygg, både kommunalt og privat, samt effektive enøk-tiltak som installering av styresystem, isolering, varmegjenvinning osv. Det totale teoretiske sparepotensialet er erfaringsmessig ofte opp mot 20 % av forbruket.

• Det har blitt gjort ei rekkje enøk-analysar i kommunen. Både i kommunale bygg og i privat næring og hushaldning er det derfor allereie gjennomført fleire enøk-tiltak som har ført til reduksjonar i elektrisitetsforbruket i kommunen. Med bruk av erfaringstal frå Enova sitt bygningsnettverk vil det likevel med enkle enøk-tiltak vera mogleg å oppnå ei innsparing på ca. 6 GWh på kort sikt, noko som tilsvarer 8 % av elektrisitetsforbruket i kommunen.

• Ved bygging av nye bustader og yrkesbygg, samt ved rehabilitering, har ein store sjansar til å avgrensa energibruken. I begge tilfella vil ekstra investeringar ikkje fordyra i særleg grad, og er i mange tilfelle svært lønnsame dersom energiomsyn kjem inn i planleggingsprosessen. Både val av teknologi og måten ein bygning blir utforma og konstruert på vil bestemma det framtidige nivået på energibruket.

Bruk av alternativ energi til oppvarmingsføremål:
• Ved vurdering av bruk av alternativ energi til oppvarmingsformål, kor samfunnsøkonomiske og bedriftsøkonomiske fordeler skal være avgjørande for valet, er det viktig å få ei grundig og nøytral vurdering av alternativa, kor alle parameter blir med i berekningane. Det er mange eksempel på unyanserte framstillingar i media og salskampanjar.

• Vassboren varme er ofte ein føresetnad for å ta i bruk alternative oppvarmingsmetodar. Kommunen bør gå føre med eit godt eksempel, og vurdera muligheita og lønsamheita for å installera slike anlegg i sine nybygg over ei viss storleik. Også ved større rehabiliteringar bør slike tiltak vurderast fordi det generelt er et høgare energibehov i eldre bygg. På denne måten er ein med å legg grunnlag for overgang til alternative varmeløysingar. I vurderinga må alle parameter tas med, slik at ein får ei riktig samfunnsøkonomisk og bedriftsøkonomisk vurdering.

• Små velisolerte bygg egnar seg ofte mindre for vassboren varme fordi lavt energibehov fører til at prisen på varme blir høg samla sett. Bygg som egnar seg særleg godt kan vera skular, sjukeheimar, idrettsanlegg, samt kontorbygg og forretningsbygg med stort kjølebehov som kan utnytta varmepumper. I større bygg med et jamt oppvarmingsbehov og et høgt forbruk av varmt tappevatn er det mulig å fordele de ekstra investeringskostnadene på et høgt antal kWh. I slike tilfeller kan vassborne system bli lønnsame.

• I Suldal kommune er det i dag ikkje noko røyrnett for fjernvarme. Der forholda ligg til rette for det, bør ein kunne vurdera om det er råd å etablera større eller mindre fjernvarmeanlegg. Den spreidde busetjingsstrukturen i kommunen, og mangel på eit vassbore system i eksisterande bygningar avgrensar utbygginga av fjernvarmeanlegg. Ved låge kraftprisar, visar det seg i praksis at det er vanskeleg å få til lønnsame fjernvarmeanlegg.. Styringsmakta har signalisert at dei vil love nokre hundre millionar kroner til utbygging av infrastruktur for vassboren varme. Dette skal fremmast i statsbudsjettet for 2005.

• God tilgang på bioavfall gjer at eit forbrenningsanlegg basert på bioavfall kan vera aktuelt å vurdera nærmare. Dette ville også ha redusert avfallsmengda i kommunen.

• Det er planar i kommunen om å utnytta det store biobrensel-potensialet til å produsera pellets for sal.

• Det er god tilgang på ved i kommunen, og forbruket vil auka ved høge kraftprisar.

• Ein forventar at bruk av propangass i kommunen vil auka, spesielt i bustadsektoren. Fleire og fleire får auga opp for dei bruksområda som gass har i hushaldningar, og marknadsføringa av gasskomfyrar, peisar, kjelar osv. som blir lansert i samband med bruk av naturgass, vil også påverka sal av propan. Bruk av naturgass er førebels ikkje aktuelt, og vil først og fremst bli aktuelt som flytande naturgass, LNG, eller eventuelt som komprimert naturgass, CNG, på stader med stort energibehov. I ein slik samanheng kan også et kogenereringsanlegg for produksjon av både elektrisitet og varme vera aktuelt. Slike anlegg gir god energiutnytting.

• Auka satsing på varmepumper i privatbustader vil vera gunstig ved at ein kan spara elektrisitet til oppvarmingsformål. Kor varmepumpa skal hente energien frå må avgjerast i kvart einskild tilfelle. Det er den siste tida blitt ein ukritisk installering av luft til luft varmepumper over heile landet, og ikkje alle av disse treng nødvendigvis å gi noko gevinst. I nokre tilfelle er forbruket etter installering av varmepumpe det same, komforten både sommar og vinter blir betre, men oppvarma areal aukar. Det må undersøkast i kvart enkelt høve om bygget er gunstig for varmepumpe, og eventuelt kva type varmepumpe ein bør installere.

• I dei områda i kommunen som har nærleik til sjø, har næringslivet og kommunen høve til å satsa på større og mindre varmepumper i sjøvatn, for å ta opp varme derifrå. Sjøvatn har eit relativ høgt og stabilt temperaturnivå, og varmekapasiteten er 4 ganger så høg som for luft. Mange bedrifter og føretak har svært gode erfaringar med slike anlegg. Lønsamingsberekningar må foretas i kvart einskild tilfelle.

• Det bør undersøkjast kva bedrifter som har spillvarme tilgjengeleg, temperaturforhold på denne, og om han kan la seg bruka internt i bedrifta, til nærliggjande bygg eller til ny næring som akvakultur og veksthus.

Samspel mellom kommune og energiaktørar:
• Det er svært viktig med eit godt samspel mellom dei ulike energiaktørane og kommunen ved etablering og ajourføring av kommuneplanar, arealplanar og reguleringsplanar med fokus på energiløysingar og -bruk. Ei slik samhandling mellom ulike instansar kan skje gjennom dei årlege lokale energiutgreiingsmøta, og resultata kan gi ei naturleg knyting til meir detaljerte energiplanar hos kommunen eller energiaktørane.




Temabilde

Bookmark and Share
Innspel eller kommentar til nettsida?

Redaktør: Jarle Lunde. Redaksjon: Endre Gjil, Rune Roalkvam, Erik Walter Vold, Torbjørn Guggedal og Jarle Lunde
Suldal kommune, Eidsvegen 7, 4230 Sand, Telefon: 52 79 22 00
Logg inn
Sist oppdatert 21.03.2010 : Suldal Kommune