Miljøstatus i Suldal gir deg ein samla og oppdatert informasjon om natur, friluftsliv og miljø sin tilstand og utvikling i kommunen.
Måla for nettstaden
Miljøstatus i Suldal har som mål å:
- gi ein samla og oppdatert informasjon om natur, friluftsliv og miljø sin tilstand og utvikling i kommunen
- danne eit materiale som kan nyttast i undervisning på fleire nivå i skulen
Det er Suldal kommune ved Bygdeutvikling som er ansvarleg for innhaldet. Jarle Lunde, i samarbeid med Bygdeutvikling m.fl., har utarbeida og oppdaterer sidene.
Retningslinjer for bruk
Tekst-, tabellinformasjon, figurer og kart på Miljøstatus i Suldal kan nyttast fritt, men det skal visast til kjelde:
For bilete og teikningar gjeld vanleg opphavsrett. Ta kontakt med Miljøstatus i Suldal eller direkte med fotograf/teiknar dersom du ønskjer å nytta desse. Der fotograf ikkje er oppgitt er bileta, med nokre unntak, teke av tilsette i kommunen.
Lag gjerne ein link til nettsida. Du kan gjerne bruke ein av desse linkknappane:
Miljøstatus, lokalt og nasjonalt
Nettsida er ein del av eit tredelt felles system for å skildre miljøtilstanden i Noreg. Dette omfattar:
- Miljøstatus i Noreg
- Miljøstatus i fylka
- Miljøstatus i kommunane
Tenesten er bygd opp med hovudtema som igjen kan vere delt inn i fleire undertema. Når du går djupare inn i eit tema, vil du flytte deg frå ein overordna til en meir detaljert, spesifikk og fagleg omtale av området. På dei fleste temasidene finst og tilleggsinformasjon om gjeldande lover og avtaler og ei lenkeoversikt for dei mest relevante nettstadene til temaet du les om.
Nettstaden er ikkje eit ferdig produkt, men ein prosess som vil bli oppdatert fortløpande. Nettsida vil bli utvida med nye tema etterkvart.
Miljøinformasjonsloven plikter
Lov om rett til miljøinformasjon trådte i kraft 1. januar 2004. Lova gir alle innbyggarar rett til å få miljøinformasjon både frå offentlege styresmakter og offentlege og private verksemder. Lova pålegg samtidig det offentlege ei plikt til å ha kunnskap og oversiktsinformasjon om miljøet. Informasjonen skal gjerast lett tilgjengeleg for ålmenta, slik at innbyggjarar skal kunne følgje med og ha oversikt over utviklinga av miljøproblema, både nasjonalt og lokalt.
Lova skal sette innbyggaren i stand til å:
- bidra til vern av miljøet
verne seg mot helse- og miljøskade - påverke offentlege og private beslutningstakerar i miljøspørsmål
Kommunane vil ha eit særleg ansvar for at innbyggjarar har tilgang til miljøinformasjon som set dei i stand til å danna seg eit bilete av den lokale miljøsituasjonen, til dømes korleis miljøomsyn vert ivareteke i arealplanlegginga.
Miljøstatus i Suldal vil i stor grad kunne bidra til at dette vert oppnådd.